Sorg og seier

Denne veka har Piratpartiet både gode og triste ting å melde.

I går fekk vi det triste bodskapet om at den klaraste røysta mot Datalagringsdirektivet, Georg Apenes, er daud. Apenes var direktør i Datatilsynet, og som dei gode nekrologane vi har lese nemnar, sette han personvern på dagsorden i Noreg.

Piratpartiets sentalstyre er svært takknemlege for arbeidet og engasjementet til Apenes. Utan den massive motstanden mot Datalagringsdirektivet som han stelte i stand hadde nok ikkje Piratpartiet gjort eit så sterkt førstegongsval som vi gjorde i 2013. Ironisk nok var ikkje Apenes pirat, men Høgre-mann. Det hindra han likevel aldri i å seie ifrå om utvikling av politikk av såg på som udemokratisk eller eit overtramp mot borgarrettar. Han sette i gong kronerulling for å finansiere eit søksmål mot styresmaktane då DLD blei vedtatt. Personleg kan eg takke Apenes og Digitalt Personvern for at nettpolitiske spørsmål står så høgt på den politiske prioriteringslista mi.

Samstundes som vi sørgar over tapet av Georg Apenes fyller Wikileaks 10 år i dag. Jubileet blir feira i Berlin og over heile Internett. Wikileaks har kome med viktige bidrag til verdas ytrings- og pressefridom.

Wikileaks sitt virke kan førast tilbake til ein stor gjeng frivillige bidragsytarar. Nokre av dei har måtte betale ein høg pris for engasjementet sitt. Grunnleggar Julian Assange har vore i Ecuador sin ambassade i London i fyre år no, og kjempar framleis mot å bli utlevert til amerikanske styresmakter. Jeremy Hammond sit framleis i fengsel for å ha brote seg inn i datasystema til den private etterretningstenesta Stratfor og å ha gitt dokumenta han fann der vidare til Wikileaks. Dei blei offentleggjorde som Global Intelligence Files saman med den tyske TV-kanalen ARD i februar 2012.

Den som har vore hardast ramma av sanksjonane mot Wikileaks er Chelsea Manning, som sto bak lekkasjane av Warlogs, Diplomatic Cables og Collateral Murder. Ho blei dømt til 35 års fengsel i 2013, og sit fengsla i det militære høgsikkerheitsfengselet i Fort Leavenworth i USA.

I piratrørsla finst det mange støttespelarar til Wikileaks. Birgitta Jónsdóttir, alltingsrepresentant og admiral for piratane på Island, hjelpte til med produksjonen av Collateral Murder. På grunn av det blei Twitter tvinga til å gje amerikanskje styresmakter tilgong til direktemeldingane hennar. Birgitta har forlate Wikileaks blant anna fordi ho meinte for mykje personleg informasjon blei spreidd, utan at det hadde relevans for aktivismen Wikileaks var grunnlagd for å drive med. Ho jobbar framleis hardt for at verdssamfunnet skal yte rettferd for Chelsea Manning og andre varslarar, og har mellom anna nominert Manning og Snowden til Nobels fredspris.

imb
Birgitta med ei støtteerklæring til Chelsea Manning

Den tyske piraten Theodor Reppe registrerte domenet wikileaks.de allereie i 2006, noko som viste seg å vere nyttig då wikileaks.org blei sperra i desember 2010. Den 23. mars 2009 blei leilegheita han budde i ransaka etter at Wikileaks offentleggjorde dei hemmelege listane over sperre nettstader, der blant anna wikileaks.de var å finne. Reppe blei skulda for å ha spredd overgrepsbilete av mindreårige. Han stod på sitt om at dette ikkje var sant, og blei til sist frikjent frå alle skuldingane.

benutzerfoto_morphium_2005

For å beskytte Wikileaks frå sensur stilte det svenske piratpartiet serverane sine i Pionen White Mountains Data Center til disposisjon i august 2010.

„I motsetting til andre politiske parti pratar vi ikkje berre, vi gjer noko“ kommenterte Falkvinge om avgjerda, som raskt viste seg å vere essensiell for Wikileaks.

falkvinge-assange-troberg-2
f.v. Rick falkvinge (Piratpartiet), Julian Assange (Wikileaks), Anna Troberg (dåverande leiar i Piratpartiet)

 

Kort tid etter offentleggjeringa av Diplomatic Cables, og kalla Cablegate, den 28. november 2010 blei infrastrukturen til Wikileaks utsett for eit DDoS-angrep. Då domenet wikileaks.org blei stengt av den 3. desember 2010flytta Wikileaks kjapt til wikileaks.ch og wikileaks.de, som var eigd av piratar.

Den dåverande leiaren i Piratpartiet i Sveits, Denis Simonet, fortel:

„Wikileaks.ch blei opprinneleg registrert av ein av grunnleggarane av partiet. Då vi stifta Piratpartiet i Sveits i 2009 foreslo han at partiet skulle ta over domenet for å støtte Wikileaks. Forslaget fekk stor oppslutting, og sida eg var partileiar var eg òg juridisk sett eigar av domenet. Støtta var av symbolsk natur. Vi registrerte domena og la inn namnetenarane til Wikileaks. det var altså som ein slags oppføring i telefonkatalogen. Vi ville ikkje gjere nokon større aksjon ut av det heile sida vi ikkje såg på oss sjølve som aktivistar*. Med støtta vår ville vi seie: det er viktig at store urettferder blir avdekka, og derfor treng verda ein varslarplattform når alt anna er forsøkt og det ikkje finst andre åtar å avdekke urettferden på. Vi støtta altså Wikileaks på grunn av varsling.“

* I motsetting til dei nordiske piratpartia, som heller ser seg som aktivistar enn politikarar.

 

n-medium-16x9
Pascal Gloor (dåverande nestleiar) og Denis Simonet (dåverande leiar) frå det sveitsiske Piratpartiet

 

Vi gratulerar Wikileaks med 10 år, og takkar for det viktige arbeidet plattformen har gjort for å få fram urett, lovbrott og hemmeleghald.

Delar av teksten om Wikileaks, mellom anna intervjuet med Denis Simonet, er skrive av Jens Stomber og oversett til norsk av Tale Haukbjørk Østrådal.

q11qze2

Flattr this!

Velkommen, Snowden

I dag er det Varslerdagen! I anledning dagen ble underskriftskampanjen #SnowdentoOslo ble lansert av norsk PEN i dag. Ytringsfrihetsorganisasjonen har tildelt Snowden Ossietzky-prisen 2016, men Snowden tør ikke reise til Oslo for å motta prisen uten å være sikker på at han ikke blir utlevert til USA. Det har vi full forståelse for. Da avsløringene hans ble publisert i 2013 var vi en stund sikre på at han kom til å mellomlande i Oslo, men vi var aldri sikre på at det var trygt for ham å lande her. Vi var klar over at enhver mellomlanding var en stor risiko, noe Snowden og hans nærmeste støttespillere selv har fortalt om i flere intervjuer. Det er trist at den samme utryggheten sitter i, tre år senere.

Vi er mange som er enige i at varslere trenger beskyttelse, og skal kunne reise like fritt som alle andre borgere. I tillegg til å stille oss bak kampanjen til norsk PEN samarbeider vi med varslerorganisasjonen Courage Foundation for et bedre varslervern både i Norge og internasjonalt. Du kan også bidra. Skriv under på kampanjen #SnowdentoOslo, og hjelp Piratpartiet med å ønske Snowden velkommen med #VelkommenSnowden

Flattr this!