Åpent informasjonsbrev til alle våre fylkeslag

Kjære styremedlem.

Godt nyttår!

Før jul blei det sendt ut eit mistillitsforslag mot sentralstyret og generalsekretæren. Sentralstyret skal ta føre seg dette på eit møte i kveld (fredag), men her ei lita oppklaring i spørsmål som blir sette fram i mistillitsforslaget.

Noko av kritikken i mistillitsforslaget handlar om økonomien vår. Den er endeleg friskmeldt. Etterslepet etter underslaget var langt som to vonde år, men vi kom oss igjennom det, og frå og med september 2016 har vi endeleg ein normal økonomi.

Har vi berre 67 betalende medlem?
Nei. Berre første veka i november fekk vi 10 nye medlem. Sida september har vi fått dryge 40 nye medlem. I tillegg kjem dei som har fornya kontingent sida då. Det vil seie at vi har omtrent 107 betalande medlem pr. no. Det er ei klar nedgong frå 527 medlem, som er talet i medlemstickaren på heimesidene våre, så eg har kikka litt ekstra nøye i statistikken og krønsja litt tal:

Totalt 262 av 467 medlem i 2013 betalte ikkje medlemskontingent for 2014. Det vil seie at 56,1% av den betalande medlemsmassa forlét oss i løpet av det første året partiet eksisterte. Frå 2014 til september i år fekk vi 99 nye medlem. Så har ca ein tredel av desse latt vere å betale medlemskontingent ifrå 2014 til september 2016. Valet på Island førde med seg mange innmeldingar, nett slik vi hadde håpa på. I tillegg gjer saka om Digitalt Grenseforsvar at vi får fleire medlem. Den saka har berre så vidt begynt å dukke opp i den offentlege debatten, så vi kan rekne med auka medlemsmasse i tida framover. Konkret i år (2017) har 5 medlem betalt kontingent allereie.

Vi kan altså fastslå to ting: Medlemstickaren på heimsidene er ute av vater, og påstandane om medlemstalet som er nemnd i mistillitsforslaget er heilt feil.

Kor er medlemssystemet?
Då vi starta opp i 2013 lova Rick Falkvinge at vi skulle få ein kopi at PirateWeb, medlemssystemet til det svenske systerpartiet vårt. Det skjedde aldri. Så blei det sett i gong arbeid med eit anna medlemsregister, men der stagnerte utveklinga. No, etter å ha vore tolmodige for lengje, er det sekretariatet som skal ta seg av dette. Pr. i dag brukar vi eit system som heiter Participants Database.

Kor er rekneskapen?
Rekneskapen for 2015 er her: https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=File:%C3%85rsregnskap_2015.pdf
Og rekneskapen for 2014 ligg her: https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=File:%C3%85rsregnskap_2014.pdf
På styremøtet 30. desember 2016 gjekk vi igjennom begge rekneskapane. I referatet frå dette møtet er det mange detaljar om rekneskapane, mellom anna om underslaget: https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=Referat_fra_sentralstyrem%C3%B8te_2016-12-30
Eg råder til at de ser igjennom dette no, slik at dette ikkje er ny info når vi går igjennom det på landsmøtet, men det blir sjølvsagt sendt ut på nytt saman med dei andre sakspapira til LM.

Kor er budsjettet?
Budsjett for 2017 er her: https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=File:Budsjett_2017.pdf
Budsjettet skal behandlast av landsmøtet. Dette forslaget til budsjett er laga utan at vi har rekneskapen for 2016 klart, for det har ikkje rekneskapsførar hatt tid til enno.

Kvifor har vi så dyrt kontor i Oslo?
Då underslaget var eit faktum i 2015 fekk Piratpartiet tilbod om to rentefrie lån på til saman 100.000,-. Eit av vilkåra for låneavtalen var at vi flytta frå kontoret i Barcode. Det var brei einigheit om at vi skulle ha kontor i Oslo, slik at vi har eit fast haldepunkt i offline-verda òg. Kontoret er bemanna omtrent kvar dag, og vi betalar 24.000,- i kvartalet for lokalane.

Kvifor skriv revisor det han skriv?
I mistillitsforslaget er det nokre utdrag frå ein e-post frå revisor. Det som ikkje kjem fram i denne kopipastaen er at revisor gjerne vil gå igjennom rutinar og prosedyrar heilt konkret med oss, og at revisor er i gong med revisjonen, men langt ifrå ferdig med denne. Alt i alt er essensen i e-posten frå revisor at det er rom for at vi kjem med meir dokumentasjon, og at vi styrkar den økonomiske kontrollen. Han har òg merka seg at vi har gått frå kaos med underslag, til opprydningsprosess og ein  først no nyleg friskmeldt økonomi. Han må likevel forhalde seg til at kaoset har sett merke i rekneskapen, som vi alle må.

Kvifor får vi ikkje stilt liste i alle fylkar?
Eg trur at i sluten av mars, så har vi fått stilt lister i alle fylkar.

Men – i nokre av fylkene er fylkesstyrene inaktive. Slik aktivitet går opp og ned, og mange av dei som var med i 2013 har andre ting å ta seg til, eller har mista interessen. Alle som ikkje er aktive lenger har sin personlege grunn til det. Diverre har vi nokon fylkesleiarar som har uttrykt at det ikkje ønsker å stille liste. Dette er særs beklageleg.

For å stille liste treng eit listeforslag underskrift frå to styremedlem. For å vere eit fylkesstyre må det tre personar til (kaptein, styrmann og kasserar). Vi har medlem som ønsker å vere aktive i alle fylkane, så vi kan fint klare å smelle saman fylkesstyrar som kan stille liste der det manglar. Det einaste vi treng, er å få vite om at det er behov for hjelp.

Kva er Piratpartiet sitt mål for 2017?
I år er det ingen beskjedne mål: Vi skal vinne valet, dvs. knuse oppsluttinga vi har fått dei siste åra (utan mykje valkamp) og helst komme over sperregrensa.
Anna enn valmålsettinga har vi eit veldig viktig mål: Vi skal stanse Digitalt Grenseforsvar!

Kor er valprogrammet for 2017?
Det skal vi vedta på landsmøtet i april/mai, slik vi skal kvart valår. Det ligg allereie forslag ut til debatt på forumet vårt, og viss du ikkje har vore inne og debattert enno, så gjer det i dag!


Med venleg pirathelsing
Tale Haukbjørk Østrådal

Admiral, Piratpartiet
Vice co-chairperson, European Pirate Party

Flattr this!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.