Vi stiller opp om SaferInternetDay

Tirsdag 9. februar markerte vi SaferInternetDay2016. Formålet er å skape eit tryggare Internett for barn og unge, utan mobbing, misbruk og diskriminering.

Piratpartiet har eit sterkt fokus på personvern, og vi vil ikkje minst oppretthalde barn og unge sine rettar på nett. Medietilsynet sin konferanse i anledning Safer Internet Day hadde tittelen “Hva gjør du?”, der tema som barns personvern og vaksnes ansvar for å ta vare på dette var tema. Paneldebattane der konkluderte mellom anna med at vaksne må tenke seg om før dei eksponerar barn (både eigne og andre sine) på nett, og at det er dei vaksne som sitt på ansvaret. Dette stiller vi oss bak. Å passe på kvarandre og å vere til stade er langt meir effektivt enn å overvåke.

Tidlegare år har SaferInternetDay båre preg av at meir overvåking er eit grep for meir tryggleik. Dette ser heldigvis ut til å ha endra seg, og fokus ligg no i større grad på korleis vi saman gjer Internett tryggare. Piratpartiet er positive til løysingar som tar vare på menneske sine rettar til personvern, til ytringsfridom og til fritt Internett. Det er vår kjernepolitikk.

 

Flattr this!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.