Øyvind Nondal

Øyvind Nondal

I går kveld endra kulturministar Hadia Tajik åndsverklova. Endringane medfører utstrakt sensur av internettsider og overvaking.

Private bedrifter kan no kan samle inn informasjon om deg på Internett, og krevje tilleggsopplysningar utlevert frå din internettleverandør.

Arbeidarpartiet har tidlegare teke til ordet for å innføre ei svært omfattande overvakingslov og truga internettleverandørar til å sensurere internettsider. Bakgrunnen var då å bekjempe barnepornografi og terrorisme — ord som kun er propaganda, løgn og eit spel på frykt.

Då overvakingslova skulle innførast argumenterte Arbeidarpartiet med fire års strafferamme for å bruke den. Lova skulle gjelde berre alvorleg kriminalitet.  Slik er det ikkje. Det er allereie mange unnatak, og eit nytt unnatak no er at private bedrifter får tilgong til detaljerte trafikkdata som internettleverandøren din lagrar når du surfar på Internett.

Ros til Venstre

Venstre var det einaste partiet som tok til ordet på Stortinget og stemte mot.

Desse partia stemte for meir overvaking, sensur og svekking av personvernet ditt; Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Framstegspartiet og Høgre.

Kom til oss!

Piratpartiet har avhopparar frå fleire parti. Eg vil oppfordre stortingsrepresentantar til å komme over til oss. Dette gjer at Piratpartiet får tidleg representasjon, og meir styrkje under valkampen i haust.

Av Øyvind Nondal. Sogn og Fjordane Piratpartis førstekandidat til stortingsvalet i 2013.

Kategorier: Flaskeposten