Piratpartiets stortingskandidat i Sogn og Fjordane Øyvind Nondal vil ha fiberbasert breiband i fylket innan utgangen av 2017.
– Dette gjer at hushaldningar og verksemder får eit framtidsretta breiband som taklar dei store datamengdene som framtidas utstyr vil krevje.
Øyvind Nondal
Han meinar at bygging av bruer hjelper lite viss folk berre brukar dei til og køyre flyttelasset sitt på. Fiberbasert breiband må vere til stades før næringslivet kan ta i bruk innovativ teknologi, som gir dei konkurransefordelar. Dersom me ikkje legg til rette for fiber, vil dette på sikt få negative konsekvensar for framtidsretta arbeidsplassar i fleire bransjar. Folk kan og finne det vanskeleg å flytte til fylket når vi ikkje har infrastruktur som handterar dei store datamengdene.
Det er i dag mogleg å kombinere tradisjonell fiberutbygging med mikrogrøfter. Då vil utbygginga gå raskare utan bruk av store gravemaskiner. Utbygginga skjer ved at ei maskin fresar eit spor ned i asfalten eller i fortauskantar som kabelen vert lagt i. Slik sett er det mogleg og byggje ut midtvinters, då telen kan setje stoppar for vanleg gravearbeid.
Sogn og Fjordane er det fylket som har dårlegast dekning av alle med om lag 29 %, medan landsgjennomsnittet er 73 % for hastigheiter over 25 Mbit/s.
For hastigheiter over 50 Mbit/s ligg fylket enno dårlegare med berre 1 % mot snittet på 62 %.
Det er på høg tid vi aukar satsinga i fylket no, meinar Nondal.
Landsmøtet for Piratpartiet starter lørdag 12. mars. Møtet blir avholdt digitalt. Lenke til stream legges ut i forkant av møtet. Detaljert informasjon, saksliste, og dokumenter sendes ut til medlemmer. Vil du bli medlem og ha Les mer…
Denne uken har partileder i PIR - Piratpartiet Norge, Svein Mork Dahl, hatt møter med Sven Clement som sitter i parlamentet for Piratpartiet i Luxemburg om klimaendringenes innvirkning på sikkerhetssituasjonen på Nordkalotten, og to erklæringer som skal behandles på Verdens handelsorganisasjon ministermøte i Geneve neste uke.
Piratpartiet går i regjering i Tsjekkia. 🏴😁 Vi ønsker våre Tsjekkiske kolleger lykke til med regjeringsdeltakelsen, og gleder oss til det videre samarbeidet med våre tsjekkiske venner. Fra cybersikkerhets seminar på Stortinget https://www.politico.eu/article/czech-republic-president-petr-fiala-lead-new-government/